Photo of David Revoy
Photo credit : Elisa de Castro Guerra

Om David Revoy

Hei, eg er David Revoy, ein fransk kunstnar fødd i 1981. Eg er sjølvlært, med lidenskap for teikning, måling, kattar, datamaskiner, GNU/Linux, fri programvare, fri kultur, Internett, tradisjonelle RPG-dataspel, gammal manga og anime, tradisjonell kunst, japansk kultur, fantasy, …

Etter meir enn ti år som frilansar innan digital teikning, undervising og som illustratør for dataspel og animasjons­filmar valde eg å starta mitt eige prosjekt. Endeleg fann eg ein måte å kombinera alle lidenskapane mine – og resultatet er Pepar & Gulrot.

Portefølje:


Draumar

☐ Halda ein presentasjon om Pepar & Gulrot på ein teikneserie­konferanse i Japan
☐ Spela eit Pepar & Gulrot-dataspel
Få eit galleri med over 100 Pepar & Gulrot-teikningar av andre
Få ei Wikipedia-side
Få eit bilete av nokon i Pepar-kostyme
Få eit bilete av ein oransje katt som heiter Carrot (Gulrot)
Få over 500 sponsorar
☐ Nå episode 100!

Karrieren min gjennom sju bobler